Kristin Nomeland i Valle bruktbutikk ynskjer seg endå fleire søknader om pengegåve.
Ole Birger Lien
- Me har fått inn nokre søknader, og dei set me pris på. Me vil altså likevel ha fleire, seier ei av eldsjelene bak den populære bruktbutikken, Kristin Nomeland.
Utgangspunktet for gåveutdelinga er altså overskotet frå drifta av bruktbutikken. Aktuelle søkjarar med ulike prosjekt må vere fast busette i kommunen. Valle bruktbutikk vart opna i 2019, og året etter var første utdeling av overskot.
- Då hadde me 150.000 kr. Året etter det hadde me 200.000 kr., og i år har me altså 150.000 kr. me ynskjer å dele ut til gode tiltak retta mot born og unge i Valle kommune, seier Nomeland.
Kommunen medaktør
Valle kommune er medaktør i butikken i form av sponsing av lokalar og straum i sentrumsbygget på Rysstad. Torleif Homme i Valle kommune er imponert over det gjengen får til.
- Det er verkeleg flott at resultata blir så solide år etter år. Dette er eit bygdeprosjekt det er moro å bidra til, seier han.
Søknadsfristen for gåve er 11. desember. HER kan du sende søknad. Dei gilde sjekkane blir delt ut i Valle sentrum under handelsstandfesten vesle jolaftan og heile "seremonien" blir kringkasta på Valle radio.