Bjørgulv Bjørgum Forde, Håvard Mosdøl og Marion Føreland førebur seg på vanskelege spørsmål i fylkesfinalen i Klassequizen onsdag 15. januar klokka 14.40. Dei håpar på tema som fotball og ikkje minst geografi.
Ole Birger Lien
Det er elevane Bjørgulv Bjørgum Forde, Håvard Mosdøl og Marion Føreland som skal i elden og svare på spørsmål om det meste ein kan tenke seg - og litt til. Fylkesfinalen blir skipa til i Kristiansand, der altså seks klassar stiller med tre elevar kvar i ein dyst der dei skal kjempe om to plassar i landsfinalen i Oslo.
Blir sendt direkte
Fylkesfinalen blir sendt direkte på NRK P1 frå klokka 14.30. Valle-elevane er spente.
– Eg håpar mest på spørsmål om fotball, seier Bjørgulv, som gler seg til byturen.
– Geografi har me også lyst på som tema, seier elevane, og samlar seg rundt globusen for å sikre seg full oversikt.
Valle skule har to gonger tidlegare hatt elevar med i den nasjonale finalen i Klassequizen. Onsdag 15. januar klokka 14.30 blir det spennande å høyre om det no skal bli ein tredje Valle-delegasjon til hovudstaden til våren.