Valle-elevar trekt ut som nasjonal bok-jury for meir enn 120.000 skuleelevar!

6. klasse ved Valle skule er trekt ut som ein av ni såkalla juryklassar i den nasjonale lesekampanjen “Bokslukarprisen”. Boka som til slutt får prisen kjem til å bli lest av meir enn 120.000 skuleelevar landet rundt.

Ein fin gjeng 6. klassingar ved Valle skule som er ein av bare ni juryklassar i den nasjonale kampanjen Bokslukar-prisen. Frå venstre: Malene Rike, Lisbet Kjetilsdotter Brottveit, Audny Djuvik Lillekvelland, Ellie Brokke, Knut Hasla Myrum, Ghassan Almijan, Daniel Haugå Løyland, Trym Voldseth og Ola Retterholt Hovet. - Klikk for stort bileteEin fin gjeng 6. klassingar ved Valle skule som er ein av bare ni juryklassar i den nasjonale kampanjen Bokslukar-prisen. Frå venstre: Malene Rike, Lisbet Kjetilsdotter Brottveit, Audny Djuvik Lillekvelland, Ellie Brokke, Knut Hasla Myrum, Ghassan Almijan, Daniel Haugå Løyland, Trym Voldseth og Ola Retterholt Hovet. Ole Birger Lien

Lesegleda ved Valle skule, pusha fram og lagt til rette for mellom andre av kontaktlærar Tora Åkre Lund og skulebibliotekar Stine Male, har me skrive om før. Stadige leseprosjekt ved Valle skule har resultert i fleire og fleire elevar som har lese meir og meir. Det er då også bakgrunnen for det litterære eventyret dei ni elevane i 6. klasse får vere med på dette skuleåret.

– Jubelen stod i taket her på skulen då søknaden vår vart innvilga. Dette er nok den første klassen i Setesdal som får vere med som juryklasse, seier Tora Åkre Lund.

Skal lese over 1000 sider kvar

Bokslukar-prosjektet har peika ut fem superfavoritt-bøker som juryklassane skal lese, kritisere, vurdere og på alle vis analysere. Til slutt skal dei velje ein favoritt.

– I april neste år blir det klart kva bok av dei fem som vinn prisen. Det er dei ni juryklassane saman som skal kåre vinnaren. 6. klasse skal til Oslo og vere med på heile seremonien, så dette er stort. I fjor var kulturministeren med på kåringa! seier Stine Male.

Kvar av elevane i Valle må no lese meir enn 1000 sider før dei kan felle domen over dei fem såkalla superfavoritt-bøkene.

– Kvar veke har me alt frå høgtlesing til frilesing og lesing i timane, og elevane har også lesetid heime. Leselysta er veldig stor, og denne klassen peika seg ut. Me såg at med ei slik interesse måtte me gjere det me kan for å nøre oppunder, og at me vart trekte ut som juryklasse var den beste gevinsten me kunne få, slår Tora Åkre Lund fast.

Frå fotball til grøss og gru

Så var det elevane då. Ein flott gjeng 6. klassingar som alle les mykje.

– Eg les både skrekk og action, det er moro, seier Ola Retterholt Hovet. Han har hendene fulle av bøker, somme har han lest, somme skal han lese.

– Liverpool er best! kjem det frå Daniel Haugå Løyland - og det er det vanskeleg å seie seg usamd i. Daniel har hendene fulle av grøss og gru, men det er nok fotballbøker som er favoritten. Eit herleg knippe skuleelevar, med det til felles at dei er solide lesehestar. Betre utgangspunkt for glede og læring seinare i livet skal ein leite lenge etter. No, som juryklasse for Bokslukarprisen, får dei også vere med på å sikre at skuleelevar landet rundt får godt lesestoff også i åra som kjem!