Valle-elevar vart inspirerte av Olav Bjørgum
Eit knippe elevar i 7.- og 8. klasse ved Valle skule vitja nyleg Olav Bjørgum-utstillinga på Setesdalsmuseet - og vart inspirerte! Det har resultert i ei flott utstilling på skulen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.02.2025 10:21
Sist endra 24.02.2025 10:21
Victoria Straume, Emilie Viki og Hildegunn Bjørgum ved utstillinga elevar i 7.-8. klasse ved Valle skule har fått på plass.
Valle skule
Det var som del av faga kunst og handtverk og norsk dei tok turen til Bjugsbakk, der det no heng ei utstilling som viser eitt av områda biletkunstnaren Olav Bjørgum boltra seg på - portrett.
Laga utstilling
Etter ein grundig gjennomgang på museet bar det altså strake vegen tilbake til skulen med kunstnarlege idear og mykje pågangsmot. Det har resultert i ei utstilling på Valle skule som alle som får sjansen bør få med seg!
Døme på det Valle-elevane fekk til etter ein inspirasjonsrunde på Setesdalsmuseet.
Valle skule