Valle kommune ankar støylsbu-domen frå lagmannsretten
Under eit ekstraordinært kommunestyremøte i Valle onsdag 31. juli gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for å anke den såkalla støylsbu-domen frå Agder lagmannsrett til Høgsterett.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 02.08.2024 08:56
Sist endra 02.08.2024 08:56
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, her med kommunen sin advokat Christi Erichsen Hurlen, i Agder lagmannsrett. Valle kommune tapte saka. No blir domen anka til Høgsterett.
Ole Birger Lien
Saka handlar om ein søknad om oppattbyggjing av ei støylsbu i Finndalen. Grunneigar søkte Valle kommune om dispensasjon, og viste til at det i Heieplanen blir opna for slike prosjekt. Kommunen sa ja, men statsforvaltaren gjorde om vedtaket. Valle kommune saksøkte Staten, og vann i Agder tingrett fram på alle punkt. Staten anka, og vann altså no fram i Agder lagmannsrett.
– Prinsipielle spørsmål
- Saka reiser prinsipielle spørsmål som har verknader utover den aktuelle saka. Konkret gjeld det verknader for det lokale sjølvstyret, konsekvensar for andre kommunar omfatta av Heiplanen og verknadene av regionale planprosessar i høve til kommunale arealplanar, skreiv kommunedirektør Vidar H. Homme i si innstilling til kommunestyret, der han altså tilrådde å anke domen.
Det slutta eit samrøystes kommunestyre seg til.