Valle kommune deler ut utviklingsstipend

Er du mellom 13-25 år og held på med idrett eller kultur - eller kanskje begge deler? Då kan det vere du kan få utviklingsstipend frå Valle kommune!

Valldølen Aron Åkre Rysstad har markert seg i langrennssporet i fleire år. Han har kome seg opp og fram mellom anna med hjelp av utviklingsstipend frå Valle kommune! - Klikk for stort bileteValldølen Aron Åkre Rysstad har markert seg i langrennssporet i fleire år. Han har kome seg opp og fram mellom anna med hjelp av utviklingsstipend frå Valle kommune! No kan dei som vil det søke på stipend, fristen er 15. mars.

Stipendet er retta mot dei som ynskjer å satse spesielt og målretta mot akkurat sin aktivitet - og både idrett og kultur er altså innanfor ordninga. Utgangspunktet er at midlane blir likt fordelt mellom idrett og kultur. 

Kan få det fleire gonger

I spesielle høve kan stipendet delast ut til lag/grupper, men vanlegvis går det til enkeltutøvarar. Same utøvar kan få stipendet fleire gonger. I aldersgruppa 13-15 år skal maksimumsbeløp pr. utøvar vere kr 20 000, minimumsbeløp kr 10 000. I aldersgruppa 16-25 år skal maksimumsbeløp pr. utøvar vere kr 30 000, minimumsbeløp kr 15 000. Maksimumsbeløp kan i særlege tilfelle justerast, til dømes ved deltaking på nasjonalt/internasjonalt nivå. 

HER finn du retningslinene for ordninga.

Søknadsfrist 15. mars

Den som vil søke om Valle kommune sitt utviklingsstipend må gjere det innan 15. mars. Meir informasjon og søknadsskjema finn ein HER