Knut Gunnar Brokke Solli
Ein må ikkje forveksle dette med dei tradisjonelle frikorta, det er i år bare lov å felle vaksen bukk i sør-området av Setesdal vestehei. Statskog hadde siste året med jakt (2023) ei eiga kvote på kring 130 kort, der Valle kommune fekk 10 kort. I år er Statskog-kvota redusert til 13 kort, og Valle kommune får altså eitt til trekning i bygdejakta.
Alle med folkeregistrert adresse i kommunen
Alle innbyggjarar med folkeregistrert adresse i Valle kommune som er registrert i jegerregisteret kan søke på kortet. Før ein kan gå på jakt må ein bestå skyteprøve og betale jegeravgift. Den som blir trekt ut må betale 5000 kr. for kortet.
Søknad sendast til post@valle.kommune.no og merkast “Bygdejakt”.
– Søknadsfristen er sett til 4. juli. Trekninga blir gjennomført i veke 31. Søkjarar må kunne dokumentere jegeravgift og bestått skyteprøve på førespurnad, seier Knut Gunnar Brokke Solli i Valle kommune.