Valle kommune har fått minibuss til utleige

Valle kommune har kjøpt inn to minibussar som skal nyttast til utleige til private lag og organisasjonar. No er den første av bussane på plass i carporten mellom Coop Prix Valle og Bratt friluftsliv, medan den andre, som er lagt til rette også for rullestolbrukarar, blir levert på vårparten.

Valle kommune har skaffa minibuss lag og organisasjonar kan leige. - Klikk for stort bileteValle kommune har skaffa minibuss som i tillegg til kommunal bruk kan leigast av lag og organisasjonar. Ole Birger Lien

Minibussen, ein Wolksvagen Caravelle, har plass til åtte passasjerar og sjåfør. 

Tilgangen til bussen skal vere med på å fremje trivsel og sosial tilhøyrigheit. Så er det ein stor fordel at denne minibussen kan køyrast med vanleg førarkort i klasse B. Det betyr at tilgangen til sjåførar bør vere ein heilt annan enn viss det var krav om utvida sertifikat.  Kommunen skal også nytte minibussen til ulike behov på dagtid. 

Samkøyring

Bussen kan nyttast av lag og organisasjonar og til aktivitetar og samkøyring knytt til desse. Den kan og nyttast til samkøyring til skisenteret. I samband med samkøyring skal låntakar så langt som råd, sikre at flest mogleg får tilbod om skyss. I utgangspunktet skal bussen lånast ut for dags-/ettermiddagsturar i samband med aktivitetar, men i spesielle høve kan bussen lånast ut for lengre periodar, til dømes i samband med helgeturar, turneringar og liknande.

Må laste ned app

Den eller dei som vil nytte bussen, må laste ned Solverapp i App Store eller liknande. I appen kan ein stadfeste identiteten sin, og få kode til nøkkelboksen der bilnøklane er ved å finne fram til “Minibuss Valle”.

HER er bruksanvisning til Solverapp

HER finn du regelverk knytta til bruk av minibussen

HER kan du lese meir om ansvar og plikter som fylgjer med å bruke minibussen

For spørsmål til leige av minibussen kan ein ringe Velkomstsenteret i Valle kommune på tlf 37937500.

I denne boksen, som ein opnar med ein kode frå appen, ligg nøkkelen til minibussen. - Klikk for stort bileteI denne boksen, som ein opnar med ein kode frå appen, ligg nøkkelen til minibussen. Ole Birger Lien Minibussen står fast parkert i carporten mellom Coop Prix Valle og Bratt friluftsliv. - Klikk for stort bileteMinibussen står fast parkert i carporten mellom Coop Prix Valle og Bratt friluftsliv. Ole Birger Lien