Slik ser den ulovlege merkinga ut frå Bergsøydevatn og i retning mot Beinleinuten.
Privat
Det har kome inn to klager på slik merking, ei som gjeld spraymalte sirklar på steinar og berg frå Bergsøydevatn til Beinleinuten, og ei som gjeld steinmerkingar frå blå sprayboks mot Gruvle tind, og på ein sti til Nomelands parkeringsplass i Rysstad driftehei. Felles for begge klagene er at dette gjeld aktivitet i verneområdet for villrein. Merking av løyper her krev løyve frå områdeforvaltar Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane (SVR) og grunneigar, og løyper skal godkjennast i tråd med naturmangfaldslova i verneområdet.
SVR og SNO har ansvar for oppfylgjing
Det er SVR og Statens naturoppsyn (SNO) som har ansvaret for oppfylgjing av saker i dette området.
– Valle kommune ynskjer likevel å seie tydeleg frå at ein kan ikkje som private initiativtakarar merke løyper utan at merkinga er omsøkt og godkjent. Merking av nye løyper kan føre til uønskt ferdsle i verneområdet, der sårbare artar kan bli skadelidande. Me har vore i dialog med SVR om saka, og dei fylgjer opp vidare, seier Flateland.