Valle kommune i full sving på karrieredagen ved UIA

Universitetet i Agder skipar til karrieredag, og Valle kommune er i full sving i Vrimlehallen.

Solveig Kyrvestad og Torgeir Andreas Helle i sving for Valle kommune på karrieredagen ved UIA. - Klikk for stort bileteSolveig Kyrvestad og Torgeir Andreas Helle i sving for Valle kommune på karrieredagen ved UIA.

Blant alle studentane er det mang ein potensiell komande arbeidstakar, difor er det viktig at kommunen gjer seg synleg. Valle kommune har eigen stand og er i god gang med å svare på spørsmål, dele ut informasjon og lokke studentane til Valle! 

– God interesse

– Mange vil vite meir om kva Valle har å by på, og det er god interesse. Me svarer ut alt me kan, og gler oss over pågangen, seier ei av dei som er med for å representere Valle kommune på karrieredagen, leiar pleie- og omsorg Solveig Kyrvestad.