Valle kommune i møte med Haraldsplass Serio Ung

Tysdag vart det skipa til dialogmøte mellom Valle kommune og Haraldsplass Serio Ung etter ulike hendingar i Vallebygda den siste tida. 

Idar Krumsvik i Haraldstad Serio Ung (t.v.) og Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. - Klikk for stort bileteIdar Krumsvik i Haraldsplass Serio Ung (t.v.) og Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. Ole Birger Lien

Møtet kom til etter at kommunen vende seg til barnevernsinstitusjonen i påska, og er det første av det som skal bli regelmessige møter mellom kommunen og barnevernsinstitusjonen i Valle sentrum.

– For oss er det svært viktig med tett og god dialog med kommunane der me er etablert. Det var eit godt møte med Valle kommune i dag. Eg ynskjer å få sagt at me tar hendingane i Valle på djupaste alvor, og vil dra lærdom av dei, seier direktør i Haraldsplass Serio Ung, Idar Krumsvik.

Skal evaluere hendingane

Krumsvik seier at dei seinaste hendingane i Valle sentrum skal evaluerast.

– Me må vite meir for å kunne sette i gang ytterlegare tiltak. No ser eg fram til vidare dialog med Valle kommune. Målet er å finne gode løysingar både for ungdomane og bygda, seier Idar Krumsvik.

– God start

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum er nøgd med å ha kome i dialog med institusjonen.

– Det var viktig å få dette på plass snarast etter påske, og eg trur det blir positivt med regelmessige møter frametter. Valle kommune tar hendingane som har skjedd den siste tida på alvor, og det er viktig at me fylgjer opp, seier han.

Barnevernstiltak

Haraldsplass Serio Ung er eit barnevernstiltak for born og ungdom. Verksemda har institusjonsplassar, ettervern, avlastingsavdeling og oppfylgjing i heimen, og avdelingar i Vestland, Agder og Rogaland. I Valle har verksemda drive på mellombels dispensasjon frå arealformålet i fem år. No har dispensasjonen gått ut, og Haraldsplass Serio Ung stadfestar tysdag at verksemda vil søkje om ny dispensasjon eller planendring. Denne søknaden skal handsamast på politisk nivå i Valle kommune.