Valle kommune investerer millionar i gateljos

I år kjem det gateljos på plass i alle bustadfelt i Valle kommune der ein ikkje var i mål med utbygginga. I Åsan grendefelt på Rysstad skal det no opp 20 ljos. I totalpakka ligg det ei investering på 2,5 mill. kr.

No kjem det gateljos i gamle Åsan grendefelt på Rysstad. - Klikk for stort bileteNo kjem det gateljos i gamle Åsan grendefelt på Rysstad. Ole Birger Lien

Det skal også gateljos på plass i bustadfeltet Leite i Valle, og i Homme. I Leite skal 16 ljosmaster opp, og dei eksisterande ljosa i feltet blir rigga for LED-ljos. I Homme skal sju ljos på plass. I tillegg skal det gravast og riggast 10 ljos i Brokke.

Åsan ferdig før ferien

I Åsan grendefelt er det den gamle delen av bustadfeltet som no får dekka siste strekninga som var utan gateljos.

– Nomeland maskin AS har graving og det som høyrer til, Knut Hovet installasjoner AS har det elektriske, seier Geir Helge Solheim i Valle kommune.

Arbeidet som no har kome i gang i Åsan grendefelt skal vere ferdig før ferien.

– Også i Leite er me i full gang, så kjem resten fortløpande, seier Solheim.

I Åsan grendefelt skal det no monterast i alt 20 ljosmaster. - Klikk for stort bileteI Åsan grendefelt skal det no monterast i alt 20 ljosmaster. Ole Birger Lien