Valle kommune lanserer sommarmagasinet iValle!

I dag onsdag 25. juni lanserer Valle kommune sitt eigenproduserte sommarmagasin, iValle. Magasinet er ein del av ei auka satsing på kommunikasjonsarbeidet i kommunen, og ikkje minst ny grafisk profil som vart utarbeidd i vinter.

Kommunedirektør i Valle kommune Vidar H. Homme med Valle kommune sitt nye sommarmagasin iValle. Ole Birger Lien

Kommunedirektør Vidar H. Homme gler seg over at endå eit grep for å sette Valle kommune på kartet er på plass.

– Kommunelova er klokkeklar på at me har ei informasjonsplikt ut. Me skal fortelje om eiga virksomheit. Det er eit ansvar me tar på alvor. Bakgrunnen for både den fornya grafiske profilen og den auka satsinga på kommunikasjon i Valle kommune er ein konsekvens av dette. Me ynskjer å informere aktuelt og relevant både til bygdefolk og tilreisande. I magasinet har me høve til å gå meir i djupna enn kva tilfellet er i andre informasjonskanalar. At me i stort også har fått på plass iValle med hjelp av eigne ressursar er eit veldig pluss. Me har kompetanse me kan dra nytte av, så på det viset blir prosjekt som dette enklare å få til. Kommunestyret fekk presentert magasinet tidlegare i dag, og så skal alle fastbuande i kommunen få det i postkassa, seier han.

Magasinet skal også leggjast ut andre naturlege stader, som til dømes på turistinformasjonen i Valle sentrum.

Stort og smått

I magasinet kan ein lese alt frå omtalar av arrangement som skal gå føre seg i Valle kommune i sommar og haust, til dei gode historiane i bygd og grend. Satsing og utvikling, identitet og ikkje minst bulyst i kommunen er ein raud tråd.

– Me har alt ein sterk identitet i Valle kommune, og eg trur me styrkar oss også i regional samanheng med satsing som dette. Kulturen og menneska, trådane som bind oss saman i lokalsamfunnet. Eg trur både fastbuande og tilreisande vil finne mykje av interesse å lese om, seier Homme.

Kan bli fleire magasin

Sommarmagasinet er det første av sitt slag Valle kommune gjev ut, i alle fall i nyare tid. Det kan kome meir.

– No skal me få ut magasinet, så får sommaren kome. Etter kvart skal me evaluere både prosessen og resultatet. Det som uansett er sikkert, er at Valle kommune skal halde fram den offensive satsinga på kommunikasjon både internt og eksternt, for det er eit viktig ansvar og noko me tar på alvor, seier Vidar H. Homme.

Kommunestyrerepresentantane i Valle var dei første som fekk sjå magasinet iValle. Ole Birger Lien Lanseringa av iValle vart feira med kake. Ole Birger Lien