Valle kommune lyser etter plan- og næringsrådgjevar

Plan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård, skal ut i tre års utdanningspermisjon. No lyser kommunen ut eit treårig vikariat.

Kay Arne Søgård (t.v.) skal ut i utdanningspermisjon i tre år. Teknisk leiar i Valle kommune, Magnus Berg, håpar på mange interesserte i vikariatet kommunen lyser ut i dag. - Klikk for stort bileteKay Arne Søgård (t.v.) skal ut i utdanningspermisjon i tre år. Teknisk leiar i Valle kommune, Magnus Berg, håpar på mange interesserte i vikariatet kommunen lyser ut i dag. Ole Birger Lien

Søgård blir frå 1. juni av stipendiat ved universitetet i Agder. Han skal forske på og etter kvart ta doktorgrad innan emnet samfunnsmotstandsdyktigheit og innsatsleiing med fokus på samfunn der den slag beredskap ikkje er fullt utbygt. Det er først og fremst arktiske strok og øysamfunn han skal granske, Grønland, Peru og Puerto Rico.

– God samhandling er viktig

Dette betyr altså at Valle kommune i dei tre åra må ha inn nokon som kan vere plan- og næringsrådgjevar. Teknisk leiar Magnus Berg håpar på mange gode søkjarar.

– I stillinga må ein seie at dialog og samhandling med det lokale næringslivet kan hende er det aller viktigaste. Også innan planarbeidet er det viktig med stabile og direkte kanalar mellom kommunen og dei ulike aktørane. For Valle kommune er samarbeid med lokalt næringsliv svært viktig, slår han fast.

Stillinga blir lyst ut i dag - HER kan interesserte søke. Søknadsfristen er sett til 7. april.

For den som har spørsmål om vikariatet er Magnus Berg rett mann å vende seg til. Han når ein på tlf 958 68 750 eller via e-post HER