Valle kommune markerer fredsdagen 8. mai

Det er i dag 80 år sidan fredsdagen i 1945 - og slutten på den andre verdskrigen. I Noreg er det då også 80-årsjubileum for frigjeringa av landet etter fem tunge okkupasjonsår. 

Bauta på Rysstad over Bjørgulv Gunnarson Rysstad og Sigurd Gunnarson Rysstad som båe døydde som fangar i tyske konsentrasjonsleirar. Ole Birger Lien

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum meiner det no, kan hende meir enn nokon gong, er avgjerande å minnast, markere og verne om ein slik dag som det 8. mai er.

– Å seie at verda har blitt meir uroleg og mindre trygg dei siste åra, er på ingen måte å ta i. Noreg har fått oppleve fred og velstandsauke i åra etter krigen. Så heldige har ikkje alle nasjonar og folkeslag vore. Dei siste åra, med krig i Europa og stadig meir uro, viser oss at fred ikkje er ein konstant tilstand. Fred er noko me alle må arbeide for, seier han.

– Må kjempe for verdiane

Landet rundt blir det flagga i dag - for ein maidag i 1945 dei som opplevde han aldri gløymer. No, 80 år etterpå, er det ikkje mange tidsvitne att.

– Det gjer det endå viktigare at me som kom etter aldri gløymer. Me må forvalte den arven dei som gav alt, sikra for oss. Difor trur eg det er avgjerande at temaet andre verdskrig framleis har fokus i skulane, og er med oss i åra som kjem. Også lokalt hadde me dei som gav livet sitt for Noreg - dei skal me heidre, og beste viset er å kjempe vidare for verdiane dei stod for, seier Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.

Flagget er heist ved Valle kommunehus torsdag 8. mai. Ole Birger Lien

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til ungdommen

Kringsatt av fiender, gå
inn i din tid!
Under en blodig storm –
vi dig til strid!
Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hvad skal jeg kjempe med,
hvad er mitt våpen?

Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.
For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må – men:
øk det og styrk det!

Stilt går granatenes
glidende bånd.
Stans deres drift mot død,
stans dem med ånd!
Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

Elsk – og berik med drøm –
alt stort som var!
Gå mot det ukjente,
fravrist det svar.
Ubygde kraftverker,
ukjente stjerner –
skap dem, med skånet livs
dristige hjerner!

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult,
skyldes det svik.
Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn og brød og ånd
eies av alle.

Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd,
skaper vi fred.
Den som med høire arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.

Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menskenes jord.
Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen –
som om vi bar et barn
varsomt på armen!

(Nordahl Grieg)