Valle kommune markerer starten på Pride-månaden i dag

Juni er Pride-månaden, og i dag markerer Valle kommune dette med å la Pride-flagget vaie både ved kommunehuset og ved Valle skule.

I dag markerer Valle kommune Pride-månaden juni. Her ved Valle skule blir flagget hengande oppe heile månaden. - Klikk for stort bileteI dag markerer Valle kommune Pride-månaden juni. Her ved Valle skule blir flagget hengande oppe heile månaden. Valle skule

Ved kommunehuset er det bare i dag flagget er oppe. Valle skule markerer Pride-månaden gjennom heile juni, og flagget blir hengande like lenge. Pride-markeringa er ei markering av fellesskap og likeverd, mangfald og sjølve livet med alle sine nyansar.