Valle kommune med 500.000 kr. i bustadtilskot

Under kommunestyremøtet i Valle i desember vart det vedteke eit bustadtilskot på 500.000 kr. til dei som set seg opp nytt hus i kommunen.

Det er innført tilskot på 500.000 kr. for den som set seg opp nytt hus i Valle kommune. Ordninga gjeld frå 2024. - Klikk for stort bileteDet er innført tilskot på 500.000 kr. for den som set seg opp nytt hus i Valle kommune. Ordninga gjeld frå 2024. Ole Birger Lien

I vedtaket heiter det at ordninga skal gjelde frå 2024. Nytt hus løyser altså ut eit tilskot på 500.000 kr., medan ein kan få 10% av kostnadene ved kjøp av gamalt hus/renovering, inntil 200.000 kr. Retningslinene for tilskotsordninga blir vedtekne av kommunestyret i mars i år.