Poenget med standen er at så mange som råd skal få sjansen til å kome med spørsmål, innspel og idéar. – Me ynskjer å høyre folk si meining om framtida, ,og både kommuneplanens samfunnsdel og kommunedelplan Brokke er aktuelle. Ein kan prate med oss, teikne og forklare eller berre kome med eit skriv - me er opne for det meste, for folk sine meiningar er viktige for oss, seier rådgjevar plan og forvaltning i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland. Standen er open laurdag 27.09 kl. 10- 15Bakgrunnen for at tiltaksplanen for villrein også har kome inn på kommunen sin stand laurdag, er eit konkret innspel frå villreinmøtet i kommunestyresalen tysdag.
– Der vart det teke til orde for eit arbeidsmøte knytta til tiltaksplanen - og i og med at Valle kommune så synleg er til stades i Valle laurdag er det eit godt høve til å få også dette med. Poenget med standen er at så mange som råd skal få sjansen til å kome med spørsmål, innspel og idear - og det gjeld altså både kommuneplan og tiltaksplanen for villrein, seier ordførar Lars Tarald Myrum.
Han legg til at han håpar at folk også elles på eige initiativ sender inn innspel til tiltaksplanen slik det er høve for direkte til Staten -
HER er lenke til den statlege innspelsløysinga.
Vil ha folk i tale
– Me ynskjer å høyre folk si meining om framtida, og både kommuneplanens samfunnsdel og kommunedelplan Brokke er aktuelle. Ein kan prate med oss, teikne og forklare eller bare kome med eit skriv - me er opne for det meste, seier rådgjevar plan og forvaltning i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.
ARBEID MED NYE KOMMUNEPLANAR