Plan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård, håpar lokalt næringsliv stiller opp på næringsfrukost på Sølvgarden hotell tysdag 16. april.
Ole Birger Lien
– Dette skal vere eit møte både med informasjon men også ein samankomst for uformell kontakt og fagleg påfyll, seier plan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård.
Han legg til at møtet er meint for alt av lokalt næringsliv, større og mindre verksemder, og dessutan for dei som går med ein gründer i magen.
Om flyktningar i arbeid
I løpet av frukosten kjem ein innom både generell informasjon av interesse til ein eigen bolk om ukrainske flyktningar i arbeid.
– No håpar eg mange er interesserte, og møter opp på Sølvgarden tysdag, seier Søgård.