Henri Tore Viki i Valle kommune handsamar søknader om tilskot til varmepumpe, vedomn og andre liknande støtteordningar.
Ole Birger Lien
Einslege fastbuande med inntekt under 250.000 kr. i året kan få inntil 25.000 kr. i tilskot. Sambuarar/par med ei samla årleg inntekt under 450.000 kr. i året kan få tilsvarande sum.
Inntil 30%
Generelt tilskot til varmepumpe eller vedomn i Valle kommune er inntil 30% av kostnadene.
– Me prioriterer å sakshandsame søknadene som kjem inn raskt, seier rådgjevar i Valle kommune, Henri Tore Viki.
Han seier vidare at det er fortløpande sakshandsaming, altså ingen søknadsfrister.
Lenke til søknadsskjema: linkvelger://3011/