Valle kommune møter lokalt næringsliv tysdag 13. februar

Forslag til komplett næringsplan med handlingsdel i Valle kommune er klar, og tysdag 13. februar klokka 16-17 møter kommunen lokalt næringsliv i kommunestyresalen for drøfting og innspel.

Valle kommune møter lokalt næringsliv i kommunestyresalen tysdag 13. februar klokka 16. - Klikk for stort bileteValle kommune møter lokalt næringsliv i kommunestyresalen tysdag 13. februar klokka 16. Ole Birger Lien

I januar 2023 vedtok kommunestyret at arbeidet med ny næringsplan skulle settast i gong. Så er prosjektet arbeidd fram, og det har mellom anna blitt gjennomført spørjeundersøking i næringslivet. Valle kommune vil likevel endå ein gong ha næringslivet i tale. 

Orientering og rom for innspel

På møtet tysdag blir det difor orientering om prosessen og status, det er rom for både spørsmål og innspel - og det blir pizza på dei som møter opp.