Valle kommune nr. 6 i Agder under TV-aksjonen sundag

TV-aksjonen 2025 har til no fått inn snart 239 mill. kr. Svalbard er den rausaste gjevaren basert på innbyggjartal med 473 kr., med Utsira som ein solid nr. 2. I Agder er Valle kommune på ein fin 6. plass.

To av mange frivillige under TV-aksjonen i Valle sundag, Olav T. Homme og Anne Homme Harstad. Anette Brottveit

På landsbasis har kvar einaste nordmann gjeve 43 kr. i årets innsamling. Agder ligg på ein 5. plass nasjonalt med eit snitt på 45,63 kr. I Valle kommune, nr. 6 i Agder, har det blitt gjeve i snitt 81,64 kr.

Mange arrangement

I forkant av innsamlingsdagen har spesielt born og unge i skule og barnehagar lagt ned ein fin innsats med ulike tiltak for å skaffe pengar til Atlas-alliansen. Ikkje minst var mange frivillige i sving sjølve aksjonsdagen. 

– Det er flott å sjå at den gode innsatsen har gjeve konkrete resultat, så ei stor takk til alle som har vore med, seier Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. 

I Valle barnehage hadde dei laga eplesylte til inntekt for TV-aksjonen. Anette Brottveit Steintroll til sals i Hylestad barnehage til inntekt for TV-aksjonen! Barnehagen diska også opp med lapskaus og heimebaka kjeks! Marianne Rysstad