Valle kommune og dei ukrainske flyktningane skipar til fotballfest på Sæbyggjen!

EM i fotball er i gong, og heller ikkje i dette sluttspelet får me sjå det norske landslaget i spennande kampar på grasmatta. Så er Ukraina med, og mange flyktningar i Valle kommune fylgjer fotballfesten tett. Valle kommune skipar no i samarbeid med flyktningane til fotballfest på Sæbyggjen onsdag 26. juni.

Det er avspark klokka 18 i kampen mellom Ukraina og Belgia. Det blir rigga til storskjerm i Sæbyggjen. 

Litt å bite i

– Med kampstart klokka 18 er det triveleg om folk kjem litt før og slår av ein prat med kjente og ukjente. Ukrainarane diskar opp med enkel servering, så har me tru på ein triveleg fotballkveld saman, seier flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.

Det er ikkje påmelding til samlinga, men bare å møte opp!

Det blir fotballfest i Sæbyggjen! - Klikk for stort bileteDet blir fotballfest i Sæbyggjen! Ole Birger Lien