Valle kommune satsar 15 mill. på fire utleigebustader i Leite

Til hausten kjem Valle kommune i gang med byggjing av ein firemannsbustad i bustadfeltet Leite sør i Valle. Bygget, som går over to etasjar, skal stå ferdig før sommaren neste år. Prosjekthuset skal leie satsinga i mål.

Slik blir firemannsbustaden i Leite sør sjåande ut. Valle kommune investerer 15 mill. i prosjektet. - Klikk for stort bileteSlik blir firemannsbustaden i Leite sør sjåande ut. Valle kommune investerer 15 mill. i prosjektet. Prosjekthuset

Kommunen skal leige ut einingane i bygget. Dei to bustadene i overetasjen blir på kring 88 kvm, dei har tre soverom. Dei to einingane i underetasjen har to soverom og er på om lag 79 kvm. 

– Her blir det også grunnvarme, solcelleanlegg og garasje med utvendig bod til kvar eining, seier leiar teknisk avdeling i Valle kommune, Magnus Berg.

Byggjestart til hausten

Firemannsbustaden i Leite sør skal etter planen ut på anbod før påske.

– Byggjestart blir til hausten, og så skal bygget stå ferdig før sommaren, 2025, seier Magnus Berg.