Valle kommune sender ut faktura på kommunale avgifter tildegare enn vanleg før jol
Valle kommune går over i eit nytt økonomisystem frå 1. januar neste år, og det får betydning for alle som skal betale kommunale avgifter før jol.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.11.2023 08:13
Sist endra 29.02.2024 12:28
Konsulent i Valle kommune, Gudrun Sagneskar, sender ut rekning på kommunale avgifter for 4. termin tidlegare enn vanleg på grunn av omleggjing til nytt økonomisystem frå nyåret av.
Ole Birger Lien
Rekningane blir sendt ut tidlegare enn vanleg.
- Fakturering av 4. termin skjer mellom 20.-22. november, med forfall 13. desember, seier konsulent i Valle kommune, Gudrun Sagneskar.