Valle kommune sin jolequiz - runde 1

Som i fjor satsar Valle kommune hardt på ei joletevling! I fjor hadde me hemmeleg nisse, no handlar det om jolequiz.

Alle fem dagane i romjola frå og med 1. joledag er det ny quiz. Det er første bokstav i alle svara som skal med vidare gjennom høgtida. 

Etter fem rundar sit ein att med ein bokstavkode. Den skal sendast HIT innan 10. januar.

Alle som sender inn rett bokstavkode blir med i trekninga om ein fin premie.

 

Runde 1:

  1. Kva heiter reinsdyret med den flotte nasen?
  2. Kva blir den tradisjonelle norske jolekaka med rosiner og sukat kalla?
  3. Kva heiter den kjente jolefilmen med Macauly Culkin?
  4. Kva song tar til med “På låven sitter nissen”?
  5. Kva heiter den tradisjonelle jolegrauten mange vil ha smør, sukker og kanel på?