Valle kommune sin jolequiz - runde 2

Som i fjor satsar Valle kommune hardt på ei joletevling! I fjor hadde me hemmeleg nisse, no handlar det om jolequiz.

Alle fem dagane i romjola frå og med 1. joledag er det ny quiz. Det er første bokstav i alle svara som skal med vidare gjennom høgtida. 

Etter fem rundar sit ein att med ein bokstavkode. Den skal sendast HIT innan 10. januar.

Alle som sender inn rett bokstavkode blir med i trekninga om ein fin premie.

Runde 2:

  1. Kva heiter den kjente jolesonga Bing Crosby fekk ein solid hit med?
  2. Norsk jolekalender med farge i namnet?
  3. Joletradisjon med eit dyr i namnet?
  4. Kva song tar til med “Glade jul..”?
  5. Jolerett av turka og salta torsk?