Valle kommune sin jolequiz - runde 5

Som i fjor satsar Valle kommune hardt på ei joletevling! I fjor hadde me hemmeleg nisse, no handlar det om jolequiz.

Alle fem dagane i romjola frå og med 1. joledag er det ny quiz. Det er første bokstav i alle svara som skal med vidare gjennom høgtida. 

Etter fem rundar sit ein att med ein bokstavkode. Den skal sendast innan 10. januar.

Alle som sender inn rett bokstavkode blir med i trekninga om ein fin premie.

Runde 5:

  1. I kva jolefilm er Arnold Schwartzenegger på jakt etter ei populær leike?
  2. “Av skindrande ljos i dag..”
  3. Hadde Elvis noko jolesong på repertoaret? Viss ja, kva song?
  4. Kva heng somme på peisen i jola?
  5. Kva heiter songa som tar til med “Feliz Navidad”?

No er alle fem rundane i jolequizen ute. Den som meiner å ha rett bokstavkode kan sende den på epost HIT for å vere med i trekninga.