Valle kommune skal skipe til næringslunsj 6. desember

Næringsavdelinga i Valle kommune sit no med planlegging av det som skal bli ein næringslunsj for lokalt næringsliv fredag 6. desember.

Rådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland, planlegg næringslunsj fredag 6. desember. - Klikk for stort bileteRådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland, planlegg næringslunsj fredag 6. desember. Ole Birger Lien

Staden er Sølvgarden hotell, og frå klokka 11.30-14 skal det i tillegg til smakeleg mat handle om næring i alle fasettar.

– Programmet er ikkje spikra enno, men ei orientering om budsjett og prioriteringar blir det i alle fall. Også andre aktuelle saker frå kommunen skal med, seier rådgjevar plan og næring, Åse Ingebjørg Flateland.

Lunsjen held på til klokka 13, og den siste timen er det altså orienteringar og ikkje minst tid for spørsmål og innspel frå lokale næringsdrivande.