Valle kommune skårar skyhøgt på integrering av flyktningar!

Det er mange måtar å måle kor godt integrerte flyktningar blir i ein kommune. Kor mange av dei som kjem seg i arbeid utanom introduksjonsprogrammet er ein god peikepinn. I ei fersk undersøking skårar Valle kommune skyhøgt.

Flyktningkonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad, gler seg over at så mange flyktningar i kommunen har fått seg ordinært arbeid. Ole Birger Lien

I Noreg per mai 2025 er snittet av flyktningar som har fått seg ordinært arbeid 44% av alle flyktningar. I Agder er same snittet 38%. I Valle kommune har så mange som 73% kome seg i arbeid.

– Eit resultat av mange faktorar. Innsatsviljuge flyktningar, eit positivt, ope og interessert næringsliv og ein kommune som legg til rette, seier flyktningkonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.