Valle kommune skipar til foreldrefestival i september

I samband med Valle kommune sitt prosjekt “Saman om ein god oppvekst” inviterer kommunen alle foreldre i Bykle, Valle og Bygland til foreldrefestival i veke 38, det vil seie 16.- 23. september. Festivalen går føre seg i soknehuset på Rysstad.

Valle kommune skipar til foreldrefestival i september for foreldre frå Bykle, Valle og Bygland. - Klikk for stort bileteValle kommune skipar til foreldrefestival i september for foreldre frå Bykle, Valle og Bygland. Ole Birger Lien

– Festivalen kjem til å ha fleire gode foredragshaldarar innan ulike tema som handlar om oppvekst, born og vårt felles ansvar for å skape eit godt oppvekstmiljø, seier påtroppande rektor ved Valle skule, Janne Nystøl.

Inkludering for alle

Av tema på festivalen er korleis skape inkludering for alle, korleis sette grenser på ein god måte, og mykje meir.

– Me arbeider no for fullt med programmet, og kjem med meir informasjon etter kvart. No håpar me så mange foreldre som råd vil vere med. Målet vårt er ein triveleg festival der ein arbeider godt med viktige tema, saman med interesserte og engasjerte foreldre, seier Janne Nystøl.