Valle kommune skipar til møte med lag og foreiningar som del av samfunnsdelen i kommuneplan-arbeidet

Valle kommune er i full gang med arbeidet med kommuneplanen, og som del av prosessen blir det no skipa til eit møte mellom kommunen og lokale lag og foreiningar tysdag 28. oktober klokka 19-21. Møtet skal gå føre seg i kommunestyresalen i kommunehuset.

Møtet er del av utarbeidinga av samfunnsdelen i kommuneplanen. Friviljuge lag og foreiningar er ein viktig del av grunnmuren i eit lokalsamfunn, og spelar ei viktig rolle med tanke på alt frå folkehelse til bulyst og beredskap. Aktivitetane i laga skaper trivsel og tryggleik, og ikkje minst fellesskap.

– Nettopp eit sterkare fellesengasjement er viktig i høve det som kjem av utfordringar i samfunnet i framtida, difor er det sers viktig at dei som driv dugnadsarbeid, skaper liv i lag og organisasjonar, medvirkar i prosessen med kommuneplanen, seier prosjektleiar Kay Arne Søgaard.

Todelt samankomst

Møtet den 28. oktober blir delt i to. I første bolken blir det ein presentasjon av kva kommuneplanen er, kva arbeid som er gjort, og vegen vidare. I del to blir det ein workshop og ikkje minst drøftingar.