Valle kommune skipar til næringsfrukost i kommunehuset
Tysdag 19. desember klokka 07.30-09.00 skipar Valle kommune til næringsfrukost i kommunestyresalen i kommunehuset.
Kay Arne Søgård håpar mange kjem på næringsfrukost i kommunehuset i Valle tysdag 19. desember.
Ole Birger Lien
Der skal det, i tillegg til frukosten, bli både fagleg påfyll og ei god røe. Større verksemder, enkeltmannsforetak eller bare dei som går med ein gründer i magen - alle er velkomne til samankomsten.
Om straumstøtte
Av bolkar ein skal gå gjennom kan nemnast straumstøtteordning, kommunale prosjekt i 2024 og elles informasjon frå næringsrådgjevar. I slutten av samlinga blir det også opna for spørsmål frå dei som er med.
Publisert 14.12.2023 13:46
Sist endra 14.12.2023 13:46