Valle kommune skipar til næringslunsj 6. desember

Valle kommune skipar til næringslunsj for lokalt næringsliv på Sølvgarden hotell fredag 6. desember klokka 11.30-14.

Rådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland, minner om næringslunsj på Sølvgarden hotell fredag 6. desember. - Klikk for stort bileteRådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland, minner om næringslunsj på Sølvgarden hotell fredag 6. desember. Ole Birger Lien

Frå klokka 11.30 til 12.30 er det lunsj, så tar det faglege programmet til klokka 12.30.

– Då blir det både orienteringar og dialog mellom dei ulike aktørane, seier rådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.

Frå rekruttering til budsjettet

Av tema kan ein nemnde felles rekrutteringsprosjekt i Bykle og Valle, der Frode Verpe skal gje ein status, ein skal gå gjennom det vedtekne budsjettet for 2025 med spesiell fokus på relevante område for næringslivet, og behovet for næringsareal- og lokalar i kommunen blir eige tema.

– No håpar me på god oppslutning, seier Åse Ingebjørg Flateland.