Valle kommune tar i bruk app for å sende ut nyheitsvarslingar til mobilen din!

Valle kommune satsar no hardare enn nokon gong på kommunikasjon, og tar i bruk appen Civis for å sende varsel til mobilen din kvar gong det kjem ei nyheitsmelding på heimesida.

Kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, med appen Civis på mobiltelefonen. - Klikk for stort bileteKommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, med appen Civis på mobiltelefonen. Ole Birger Lien

Det betyr at når kommunen legg ut ei nyheitssak kjem det eit pling i mobilen til alle som har lasta ned Civis og fylgjer Valle kommune. Då ser ein kva saka handlar om, og er temaet av interesse skal det bare eit tastetrykk til for å kome vidare til sjølve oppslaget på heimesida.

– Det er gratis å laste ned og bruke appen. Dette er eit grep me tar for å informere innbyggjarane våre best mogleg og gjere oss endå meir synlege, seier kommunedirektør i Valle kommune, Vidar H. Homme.

Informasjonsapp

Det er selskapet Compilo som leverer appen. I tillegg til varsel er det i appen eit eige område for sjølvbetjening. Der kan det etter kvart kome alt frå politiske vedtak, viktige telefonnummer til postlister og anna relevant.

– I første omgang fokuserer me på nyheiter, men potensialet med Civis er stort. Valle kommune ynskjer å vere offensiv i kommunikasjonen, me vil legge til rette for god og relevant informasjon både til fastbuande og hyttefolket, seier Homme.

Han håpar at mange no lastar ned appen.

– Så skal me gjere det me kan for alltid å vere aktuelle og relevante, lovar kommunedirektør Vidar H. Homme.

Last ned Civis for Android HER

Last ned Civis for Apple HER