Valle kommune treng bøsseberarar!
Årets TV-aksjon blir skipa til sundag 19. oktober. No er Valle kommune på leit etter bøsseberarar!
Anette Brottveit (t.v.) og Annbjørg Bjørgum Sagneskar i Valle kommune håpar mange melder seg som bøsseberarar.
Ole Birger Lien
Å vere bøsseberar tar bare eit par timars tid, men betyr veldig mykje for dei ein samlar inn pengar for. I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjoonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betyre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv.
200.000 menneske
– Målet er å skaffe nok midlar til å kunne støtte 200.000 menneske i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia. Aksjonsdagen er altså sundag 19. oktober, seier Anette Brottveit i velkomstsenteret i Valle kommune.
Vil du melde deg som bøsseberar? Då kan du sende ein epost til sentralbord@valle.kommune.no eller ringe på tlf 37937500.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.09.2025 10:54
Sist endra 13.10.2025 09:13