Valle kommune treng fleire bøsseberarar!

Årets TV-aksjon blir skipa til sundag 19. oktober. Valle kommune har gått ut og bede interesserte om å melde seg som bøsseberarar, men responsen har vore noko laber. No blir alle som kan tenke seg å bruke eit par timar oppmoda om å ta kontakt. 


 

Anette Brottveit (t.v.) og Annbjørg Bjørgum Sagneskar i Valle kommune håpar mange melder seg som bøsseberarar. Ole Birger Lien

Å vere bøsseberar tar bare eit par timars tid, men betyr veldig mykje for dei ein samlar inn pengar for. I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betyre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv. 

Vil du melde deg som bøsseberar? Då kan du registrere deg HER

Har du spørsmål kan du ringe Valle kommune på tlf 37937500.