Valle kommune vidarefører lokal straumstøtteordning for næringslivet

Kommunestyret i Valle vedtok i fjor sommar å vidareføre ordninga med lokal straumstøtte til næringslivet. Søknadsfristen for perioden 1. september-31. desember 2023 er sett til 28. januar.

Rådgjevar i Valle kommune, Henri Tore Viki, er klar til å handsame søknader om straumstøtte frå næringslivet. - Klikk for stort bileteRådgjevar i Valle kommune, Henri Tore Viki, er klar til å handsame søknader om straumstøtte frå næringslivet. Ole Birger Lien

Det er lagt ut eige søknadsskjema for den nemnde perioden, det kan du finne HER

Staten kom med endringar

Straumstøtta skal tilsvare den statlege ordninga for privatpersonar. For privatpersonar utgjer støtta 90% av straumprisen over 91,25 øre/kWh inkludert mva basert på straumprisen den timen ein nyttar straumen. 

– No blir støtta rekna ut på grunnlag av straumprisen time for time, og ikkje den månadelege snittprisen som tidlegare. Søkjarar må difor leggje fram grunnlag/utrekning som gjev oss rett utgangspunkt for å finne fram til rett og reelt støttenivå som svarar til den statlege støtta for privatpersonar, seier rådgjevar i Valle kommune, Henri Tore Viki, som er klar til å ta seg av søknadene som kjem inn.