Valle kommune møter lokalt næringsliv til medverknadssamling i samband med samfunnsdelen i kommuneplanen. Møtet går føre seg på Sølvgarden hotell torsdag 6. november.
Ole Birger Lien
Dette er ein kveld for inspirasjon, refleksjon og konkrete innspel til korleis ein saman kan utvikle Valle som ein attraktiv og berekraftig næringskommune i åra som kjem.
Program
Kl. 18.00–18.45: Velkomen og foredrag med Rune Stiberg-Jamt, Oxford Research: Næringslivet i Valle – status, trendar og framtidsutsikter
Kl. 18.45–19.15: Pizza og drøs
Kl. 19.15–20.00: Medverknadsaktivitet
Samtale og innspel frå lokalt næringsliv, landbruk og reiseliv
– Me ynskjer å forankre planprosessane lokalt, og næringslivet er ein nøkkel i dette arbeidet. Engasjementet i bygda er stort, og me håpar mange tek del også denne kvelden, for å peike ut retninga for framtidas Valle, seier rådgjevar plan og forvaltning i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.