Valle leikarring fekk inspirasjonspris på kappleik i Bø!
Det vart skipa til såkalla Sjokoladekappleik i Bøl i Telemark i helga, og der gjorde leikarar frå Valle seg svært bemerka.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 18.11.2024 10:24
Sist endra 18.11.2024 11:27
Valle leikarring fekk inspirasjonspris på sjokoladekappleik i Bø.
Setesdal Spelemannslag
Valle leikarring fekk beint og greitt inspirasjonspris etter å ha dansa og sunge av hjartans lyst. Sjokoladekappleik er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under sjokoladekappleik kan ein delta med song, spel eller dans, som solist, gruppe eller lag. I tillegg til sjokolade får dei som er med også ei tilbakemelding frå eit domarpanel. Med kåring for beste framføring altså borna i Valle leikarring ei prima tilbakemelding og heider og ære!