Valle med lefse og fele under Arendalsveka!

Arendalsveka har gått og går føre seg denne veka, og Valle kommune er sterkt til stades med ordførar, næringsavdeling og ikkje minst folkemusikk- og mattradisjon.

Valle i Arendalsveka. Frå venstre: ordførar Lars tarald Myrum, kulturskulelærar og musikar Maja Lindås og Åse Ingebjørg Flateland frå næringsavdelinga i kommunen. Valle kommune

Ordførar Lars Tarald Myrum har helsa på så mange han bare har makta, for å vise seg og kommunen fram på aller beste vis. Åse Ingebjørg Flateland i næring og forvaltning likeeins - og med seg har dei mellom andre hatt kulturskulelærar i Valle, Bykle og Bygland, Maja Lindås. Ho har spelt både fele og munnharpe.

Smurte lefser frå Rysstad

Til munngott har dei interesserte fått lefserull frå Sølvgarden hotell. Ei totalpakke med lokale krefter, med andre ord - og kanskje akkurat det som må til for å bli i alle fall litt lagt merke til i vrimmelen i Arendal!