Kriseleiinga i Bykle og Valle samla på kurs i Kristiansand.
Ole Birger Lien
Utan å gå i detalj tok kurset for seg dei aller fleste tema som handlar om beredskap. “Me møtes i fredstid”, som kurshaldarane seier det.
Skal vere godt budde
Heile poenget med beredskap er den kompetansen ein håpar at ein aldri skal få bruk for.
– Me øver stadig på ulike tenkte hendingar. Målet er at den dagen det verkeleg gjeld, så skal rutinane våre fungere. Å treffast slik med andre kommunar er også nyttig. Ulik kompetanse møtest, slår beredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme, fast.