Valle og Bykle samarbeider om beredskap

Kommunane Valle og Bykle har eit formelt samarbeid om beredskap, og er klare for å hjelpe kvarandre viss det blir nødvendig.

Beredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme (t.v.) og kollegaen hans i Bykle, Vidar Johnsen. Kommunane har eit formelt samarbeid om beredskap. - Klikk for stort bileteBeredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme (t.v.) og kollegaen hans i Bykle, Vidar Johnsen. Kommunane har eit formelt samarbeid om beredskap. Ole Birger Lien

– Det er utan tvil slik i beredskapssamanheng at me står sterkare saman, seier beredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme, og kollegaen hans i Bykle kommune, Vidar Johnsen.

Som det ligg i tittelen deira er det dei som koordinerer det meste av beredskapsarbeidet i dei to kommunane. No, i starten på eigenberedskapsveka, ynskjer dei begge å streke under kor viktig samspelet mellom kommunane og bygdefolket er.

Skal vente det uventa

Beredskap handlar først og fremst om å ha nokre tiltak klare i ein akutt situasjon. Kva situasjon det er snakk om, er sjølvsagt vanskeleg å vite.

– Me planlegg sjølvsagt for dei situasjonane me veit at kan oppstå. Ekstremver, ulykker og liknande. Så er det ikkje fleire innbyggjarar enn det må i anten Bykle eller Valle, difor er det så godt at me i dette samarbeidet kan spele på kvarandre, seier Vidar Johnsen.

– Me har jo alt hatt situasjonar der eit beredskapsvarsel til dømes har gått ut i Valle, og der ein då også har varsla Bykle slik at dei er klare om det skulle bli nødvendig. Dette, saman med godt samarbeid med andre aktørar som til dømes politiet, gjer oss endå betre rusta til å handtere det som måtte kome, seier Torleif Homme.

Sårbare 

Med etter måten få menneske å spele på, blir ein meir sårbar.

– Det er difor heilt nødvendig for små kommunar å samarbeide tett. Måten Bykle og Valle har fått dette til på fungerer veldig greitt. Så er det alltid slik med beredskap at me planlegg for noko ingen av oss ynskjer at skal skje. Skulle det likevel hende noko som krev tiltak, er det klar folk i begge kommnunane til innsats, seier Torleif Homme og Vidar Johnsen.