Valle-ordførar inn i styret i Utmarkskommunenes Sammenslutning

Valle kommune var sterkt representert under landsmøtet i Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) i Stjørdal sist veke. Der skulle det kome til å handle mykje om eit kommunalt handlingsrom under stadig meir press. Ny i styret er Valle-ordførar Lars Tarald Myrum. Også Bykle-ordførar Hans Blattmann vart nytt styremedlem.

Leiar i planutvalet i Valle kommune, Kim Pedersen, varaordførar Margit Dale og leiar teknisk i Valle kommune Magnus Berg under landsmøtet i USS. - Klikk for stort bileteFrå venstre leiar i planutvalet i Valle kommune, Kim Pedersen, varaordførar Margit Dale og leiar teknisk i Valle kommune Magnus Berg under landsmøtet i USS.

Frå regjeringa kom statssekretær i Klima- og miljødepartementet Kjersti Bjørnstad for å ta for seg regjeringa sin politikk i utmarkssaker. Frå USS problematiserte Stein Erik Stinessen om me skal slutte å bruke natur, og kven bestemmer? Dette opna som ein forstår for både spørsmål og debatt. Også spørsmålet om areal- og naturrekneskap kom opp i sekvensen. Ein gjekk mellom anna inn på berekraftig arealforvaltning, Hurdalsplattforma og rammene der. Det var fokus på at ein snakkar ikkje alltid om vern, men om beskyttelse og bruk av natur. Med berekraft vart det streka under at ein må sjå langsiktig på satsing, det skal vere berekraftig i generasjonar.

Om inntektssystemet

Stortingsmeldinga om endringar i inntektssystemet knytta til naturressursar hadde sin eigen bolk under landsmøtet. Stinessen i USS la til grunn at krefter nasjonalt ynskjer å omfordele inntektene frå vertskommunar til alle kommunar - ei problemstilling som slett ikkje er ny, men stadig aktuell. Resten av dagen gjekk i alt frå spørsmål om kommunar kan saksøke staten til beredskap og forsvarspolitikk og ikkje minst den varsla stortingsmeldinga om klima og naturmangfald. Det vart peika på eit stadig aukande kraftbehov, og at omsynet til klima og miljø må vere førande med tanke på lokalisering av statleg verksemd.

Villrein og arealbruk

Fredag formiddag samla USS seg til ordinære landsmøtesaker. Etter ein gjennomgang av arbeidsprogram for 2024/2025 handla det om villrein og arealbruk. Vil stortingsmeldinga om villrein slå beina under det lokale sjølvstyret? var spørsmålet. Tidlegare Valle-ordførar og styremedlem i USS, Steinar Kyrvestad, tok for seg problemstillinga. Som avsluttande tema på landsmøtet var mineralutvinning og ikkje minst rovvilt.  Kyrvestad var klar på at innan området arealforvaltning og lovregulering er kommunane sin sjølvråderett under sterkt press. Han viste mellom anna til at det kan kome ein lovheimel som opnar for at alt vedtekne reguleringsplanar kan bli oppheva, og peika på forholdet mellom kommunalt sjølvstyre og statleg kontroll. Kyrvestad streka under at kommnunane må vere ein reell primær planmyndigheit, sjølv om ein inngår kompromiss. Ikkje minst må det meir kunnskap inn i spørsmålet om villrein.

– Ei nyttig samling å vere med på. Det har vore nok av relevante problemstillingar for Valle kommune, og dessutan er det positivt å treffe dei andre kommunane i eit nettverk som dette, seier varaordførar i Valle kommune, Margit Dale.

Tidlegare Valle-ordførar Steinar Kyrvestad under landsmøtet i USS. Kyrvestad gjekk av som styremedlem, etter mangeårig innsats som styreleiar og medlem i organisasjonen. - Klikk for stort bileteTidlegare Valle-ordførar Steinar Kyrvestad under landsmøtet i USS. Kyrvestad gjekk av som styremedlem, etter mangeårig innsats som styreleiar og styremedlem i organisasjonen.