Valle-ordførar med telegram frå Kongen til 100-åringen Magda Brottveit

Nyleg troppa Valle-ordførar Lars Tarald Myrum opp på Valle bygdeheim med telegram frå sjølvaste Kong Harald til ein av bebuarane - Magda Brottveit har runda 100 år, og vart heidra som seg hør og bør!

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum kom med telegram frå Kongen då 100-åringen Magda Brottveit skulle feirast på Valle bygdeheim sist sundag. Solveig Kyrvestad

Ordførar med kjede og kongeleg telegram, slekt og vener samla rundt bordet, talar og dikt til ære for jubilanten, dette vart ein dag dei som var med kjem til å hugse lenge. Magda, vel kjent i bygda som eit humørfylt og omgjengeleg menneske, er då også så oppegåande at det knapt er til å tru at ho no er 100 år. 

– Eg vil gjerne høyre morosame historiar, men ikkje kyt, smilte den noko smålåtne jubilanten då all festivitasen skulle ta til.

– Sterk og fin oppleving

I løpet av eit triveleg bordsete var det tid til gode samtalar og ikkje minst smakeleg suppe og lefse frå kjøkkenet på heimen. 

– Dette var beint og greitt ei både sterk og fin oppleving. Det er ikkje alle som blir 100 år, og som endåtil er så oppegåande at dei kan delta i feiringa saman med familie og vener. Dette var eit makelaust triveleg ordførar-oppdrag, seier Lars Tarald Myrum.