"Valle-bordet" frå heieplansamlinga på Hovden.
Ole Birger Lien
Myrum deltok der også på den to dagar lange heieplansamlinga i regi av Agder fylkeskommune.
– Heieplansamlinga gav ein del fagleg påfyll, og ein fekk innspel frå ulike ståstader. Når det gjeld tiltaksplanmøtet var det fleire ting eg peika på som eg meiner er avgjerande. For det første undrar det meg at enkelte er så bombastiske med tanke på korleis villreinstamma har det, for kor godt er grunnlaget ein uttalar seg på? For det andre meiner eg at ein først bør fokusere på det ein veit fungerer, som til dømes styrka informasjonsarbeid, seier han.
Trengst grundig analyse av konsekvensane
Valle-ordføraren meiner ein veit lite om konsekvensane av det som har kome av forslag på tiltak for å styrke villreinen.
– Det seier seg sjølv at før ein i det heile vurderer tiltak som kan bli så inngripande, må ein ha sett på kva konsekvensar det kan få. Alt me i dag kan seie sikkert, er at konsekvensane kan bli svært store. Her manglar det mykje, og i ei så viktig sak skuldar me både kvarandre og komande generasjonar å gjere eit skikkeleg arbeid, seier han.
Lars Tarald Myrum strekar under at det er viktig å ha bygdefolket med seg også i prosessen vidare.
– Difor vil me no snart i gang med å planlegge eit nytt villreinmøte i Valle. Det blir truleg skipa til tidleg på nyåret, seier han.
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kjersti Bjørnestad, deltok på heieplansamlinga.
Ole Birger Lien
Fylkesordførar Arne Thomassen leia heieplansamlinga med stødig hand.
Ole Birger Lien