Valle-ordføraren vil besøke lokalt næringsliv

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum ynskjer å gjere seg meir kjent med det lokale næringslivet i kommunen, og oppmodar no alle verksemder som har noko på hjarta om å be han på besøk.

– Det er viktig å skaffe seg god oversikt over det som rører seg, og dialog er som regel det første steget viss målet er godt samarbeid, seier han.

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum vil gjere seg meir kjent med lokalt næringsliv, og ber no interesserte verksemder om å invitere han på besøk. - Klikk for stort bileteValle-ordførar Lars Tarald Myrum vil gjere seg meir kjent med lokalt næringsliv, og ber no interesserte verksemder i kommunen om å invitere han på besøk. Ole Birger Lien

Myrum vedgår at som fersk ordførar er det mange verksemder i kommunen han både har lyst til og behov for å lære meir om.

– Så er det noko heilt anna å kome på besøk enn å til dømes lese seg opp. Verksemdene er jo så mykje meir enn produktet dei leverer. Menneska er det viktigaste, og eg er genuint oppteken av at også me folkevalde har eit ansvar for å legge til rette for ei vidare god utvikling, seier han.

Send inn e-post!

Myrum ser ikkje for seg faste dagar for besøk. Det betyr at verksemder som er interesserte kan kome med forslag, så vil han tilpasse det til kalenderen sin så godt som råd.

– Så skal det som regel bli ei løysing. Eg ser for meg både ei omvisning der det er aktuelt, men i alle fall ein samtale om kva som går føre seg i verksemda, potensiale og utfordringar. No håpar eg at mange tar kontakt, seier Lars Tarald Myrum.

Vil du og di verksemd ha ordføraren på besøk? Då kan du sende ein invitasjon på e-post HIT