Valle på 3. plass i Agder i TV-aksjonen!

Valle kommune er på ein flott 3. plass i Agder under årets TV-aksjon med 134,47 kr. per innbyggjar. Fylkessnittet er 62,25 kr. Agder er på 10. plass nasjonalt.

Valle er på 3. plass i Agder i årets TV-aksjon. Her to av mange ivrige bøsseberarar, Nikkeline Brottveit-Thomassen (t.v.) og Emilie Viki Solli. - Klikk for stort bileteValle er på 3. plass i Agder i årets TV-aksjon. Her to av mange ivrige bøsseberarar, Nikkeline Brottveit-Thomassen (t.v.) og Emilie Viki Solli. Anette Brottveit

TV-aksjonen i år har til no resultert i nesten 367 mill. kr. I Agder er det samla inn i underkant av 20 mill. kr. I Agder er snittet per innbyggjar 62,65 kr. 

HER er alle resultata for Agder

Troms på topp

Nasjonalt ligg Troms fylke på topp med 89,3 kr. per innbyggjar. Beste kommune i landet er Rødøy i Nordland med heile 2311,46 kr. per innbyggjar.

HER er dei nasjonale resultata

Kan enno gje

Så er det framleis råd å gje til innsamlinga, både for private og ikkje minst næringslivet. Her er viktige tal:

Vipps: 2133
Kontonummer: 8380 08 09005
Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431
SMS med kodeord TVA til 2133 (300 ,-)