NVE/Oda Bjordal
Møtet er ope for alle, og dei som eventuelt blir spesielt råka av det kartleggjinga viste vil få eigen invitasjon til møtet. Undersøkinga NGI gjorde vart gjennomført i juni 2024.
Bratt terreng
Kartleggjinga tok føre seg skredfare i bratt terreng i utvalde deler av Valle kommune. Ein rapport vart lagt fram i mars i år. Det er den som er utgangspunktet for møtet 27. mai.
Enklare å byggje
I og med kartleggjinga vil det for mange bli enklare å byggje på eigedomen sin, fordi skredfaren er avklåra. For somme vil det bli strengare.
– Det er alt rundt dette me vil informere om på møtet, seier leiar teknisk eining i Valle kommune, Magnus Berg.
Møtet i Valle er altså i kommunestyresalen og tar til klokka 18.
HER er lenke til Valle radio for den som vil inn og sjå streaminga.