Valle skule på digital skulemiljøkonferanse

Nyleg vart det skipa til ein omfattande skulemiljøkonferanse på Gardermoen. Tilsette ved Valle skule deltok digitalt.

Tilsette ved skulane i Bykle og Valle og PPT på digitalt seminar. - Klikk for stort bileteTilsette ved skulane i Bykle og Valle og PPT på digitalt seminar. Valle skule

Skulen skipa til sitt eige seminar på Sølvgarden hotell, der ein deltok på konferansen og drøfta ulike problemstillingar. Det var med folk både frå skulen i Valle, PPT og Bykle skule.

Forståing av utfordrande åtferd

Som del av den lokale konferansepakka var mellom anna tema som forståring av utfordrande åtferd, miljøterapi, terapeutar i skulen og laget kring barnet.